fredag 4. oktober 2013

Refleksjonar rundt literacy-prosjekt

I faget "Ny Skriftkultur" har me arbeida med eit literacy-prosjekt. I dette prosjektet fekk me utdelt ein logg kor ein elev hadde skrive ned sine literacy-aktivitetar i laupet av ein dag. Ut frå denne loggen skulle me lage eit intervju med eleven. Eg jobba saman med Kjersti

Det fyrste eg tenkte då eg las loggen var at eleven hadde skrive ned veldig mykje om morgenen. Etter klokka 12 var det mykje mindre aktivitet som stod skrive i loggen. Den var ikkje veldig lang heller. Trass i det fekk eg eit innsyn i korleis dagen til denne eleven hadde vore. Eg beit meg óg merke i at denne eleven brukte mykje tid på internett, TV og "apper", som til dømes "Snapchat". Denne applikasjonen blei nemnt fleire gonger i loggen. (For dei som ikkje veit kva "Snapchat" er: Det er ein applikasjon som du kan bruke til å sende bilete med. Du kan óg skrive ein beskjed (men ikkje spesielt lang) som blir vist saman med biletet. Mottakaren av beskjeden får sjå biletet så lenge som avsendaren har bestemt (i opptil 10 sekund trur eg).

Me var litt usikre på kva spørsmål me skulle spørje denne eleven om, men klarte å spikre saman eit intervju. Me tenkte óg at me kunne ta nokre spørsmål på sparket, ut frå kva eleven ville snakke om. Uheldigvis hadde me ikkje anledning til å treffe eleven, men måtte ta intervjuet over telefon. Me kjende at me var litt nervøse rett før me skulle intervjue, men det gjekk veldig greit. Eg blei overraska over kor "oppegåande" eleven verka, då eg nok hadde laga meg nokre fordommar ut frå loggen. Sjølv om eleven brukte ein del tid på Ipad, Ipod og diverse teknologiske duppeditter, brukte han óg ein del tid på sportslege aktivitetar, gitar og på å vere med venner (noko som gleda meg, då eg har inntrykk av at "ungdommen i dag" ikkje er så aktive som før lengre). Då eg berre hadde lese loggen trudde eg at denne eleven knapt gjorde noko anna enn å sitte føre ein skjerm. 

Då eleven hadde nemnt Snapchat så mykje i loggen, var det viktig for oss å spørje eleven om det. Eleven fortalde at han heller ville sende ei melding i Snapchat enn å sende tekstmeldingar. Dette syntes me va litt spesielt, då du kan skrive mykje lengre i ei tekstmelding. Eleven meinte at det var greit å kunne sende eit bilete saman med meldinga, og at det var billigare å bruke Snapchat. Sjølv har eg skaffa meg Snapchat for eit par veker sidan, men har ikkje heilt kome meg inn i korleis det blir bruka. Eg har ikkje "Snapchat-etikette", som eg vil kalle det. Eleven brukte Snapchat óg når han ikkje hadde noko spesielt bilete han ville sende. Då tok han berre bilete av noko tilfeldig (som veggen eller gardina), og skreiv den meldinga han ville på biletet. 

Etter intervjuet snakka Kjersti og eg litt om svara me hadde fått. Begge var litt letta over kor greit det hadde gått. Det fungerte godt å gjere intervjuet over telefon, men det hadde nok vore litt betre å gjere det andlet-til-andlet. Då hadde det vore lettare å vere litt meir personleg enn kva det var over telefon. 

- Roksana

onsdag 21. august 2013

Her er eg

Eg heiter Roksana, eg er 23 år og kjem frå Eigersund. Eg er gift (ja, eg veit eg er ung), og bur no i flotte Ryfylke på ei øy som heiter Finnøy. Eg er forøvrig halvt persisk (derav det uvanlege namnet)

Då eg var ferdig på vidaregåande hadde eg ikkje aning om kva eg skulle studere. Eg var derfor så smart at eg tok meg eitt år fri. Dette året fekk eg tid til å tenkje over kva eg skulle gjere med framtida mi, på same tid som eg bretta klede (og brukte altfor mykje penger) på H&M. Då mitt friår var over hadde eg bestemt meg for å starte på det splitter nye lektorprogrammet ved UiS. Det var ikkje vanskeleg å bestemme meg for kva dybdefag eg skulle ha, då eg alltid har vore interessert i båe språk og litteratur - så då blei det nordisk. Eg valde å ta engelsk som breddefag.

Tida flyr og no er eg masterstudent. Då er det slik at eg måtte opprette denne bloggen, som ein del av faget; Ny skriftkultur. Eg har litt erfaring innan blogg frå før. Eg har skrive sikkert 200 blogginnlegg på ein blogg eg hadde i omtrent 5 år, men bestemte meg for å stengje denne for resten av omverda. Det gjorde eg med tanke på at eg hadde skrive ein del tankelause innlegg, som eg ikkje ville at heile verda skulle kunne døma meg for.

I vår skreiv eg bacheloroppgåve. I denne oppgåva tok eg for meg særkskriving i elevtekstar. Det var veldig interessant å jobba med, og til tider veldig vanskeleg. Til slutt var eg temmeleg nøgd med sluttresultatet og ser på det som ein god erfaring. Når eg skal begynne på masteroppgåva om eitt års tid, vil eg truleg skrive om noko språkrelatert, men ser ikkje vekk frå at det kan bli noko litteraturrelatert. Båe språk og litteratur er, som tidlegare nemnt, store interesser av meg. Å lese bøker er noko av det kjekkaste eg gjer, og eg liker å seie at dei som les bøker lever mange liv.

Då blir det visst ein del blogging i tida som kjem. Det kan bli interessant å sjå korleis det blir.

Me bloggast!

- Roksana